top
logo


feed-image Rss Feed
Home
Norane idrettslag
Flott fellestur til Bjønndalen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
mandag 21. juni 2010 20:06

Foto: Mai Sigrid Teigen, Kjell Magne Hillestad fortellerSøndag 20. juni var mange til stade på ein interessant fellestur til Bjønndalen.

Turen gjekk til nyleg oppdaga jarnutvinningsanlegg frå vikingtida, noko som er svært sjeldan i Sogn og Fjordane.

Kjell Magne Hillestad frå Sogndal sogelag var med og fortalte om dei gamle tuftene.

Sist oppdatert mandag 21. juni 2010 20:51
Les mer …
 
Stølstrim 2010 PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
torsdag 10. juni 2010 18:22

IllustrasjonsbileteNorane idrettslag ynskjer velkomen til nye og gamle turmål. Vi har bøker på 11 postar. Bruk gjerne turkartet for Sogndal – Leikanger for å finne fram. Det ligg det merketenger på postane. Desse kan du bruke til å merke dette arket/kartet ditt med. Ynskjer du premiering, må dette merka arket leverast til ein av medlemene i trimgruppa innan 1. november 2010. Hugs å skrive namnet ditt på kartet (og sjølvsagt i boka på trimposten). Er de fleire som går saman, kan de skrive alle namna på arket. Postane vert sett ut til 1. juni. Dei vert henta innatt den 15. oktober. Dei som fullfører 10 postar får premie. Av desse er det ein hovudpremie. Born under 12 år kan ta del i ”minitrimmen” ved å fullføre 5 postar. Hugs å skrive alder i boka og på ev merka ark/kart.

God tur frå trimgruppa

Attachments:
FileBeskrivelseFile size
Download this file (Stolstrimmen_2010.pdf)Stolstrimmen_2010_stor_filStølstrimkart for 2010 med tekst på bakside. Lagret med høg oppløsning for god kvalitet4410 Kb
Download this file (Stolstrimmen_2010_L.pdf)Stolstrimmen_2010_liten_filStølstrimkart for 2010 med tekst på bakside. Lagret med liten oppløsning for raskere opplasting278 Kb
Sist oppdatert torsdag 10. juni 2010 18:51
 
Idrettsmerketaking PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Gunn Kjersti Bårdgard   
onsdag 02. juni 2010 20:22

Me har sett op 4 kveldar for idrettsmerketaking på Ylvisåker.
 
Tysdag 22. juni kl. 1930
Torsdag 24. juni kl. 1930
 
Tysdag 24. august kl. 1930
Torsdag 26. august kl. 1930.
 
Du må ta kontakt på telefon på førehand for å avtale kveld.  Me møter ikkje opp  viss ingen har avtalt med oss på førehand.
 
Gunstein Harald:  mob. 90 65 79 84
Gunn Kjersti:      mob. 48 15 13 75
 
Helsing Trimgruppa

 
Damelag i Norane PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Ingunn Løkø   
tirsdag 08. juni 2010 17:17

Lufta en liten ide om å starte opp damelag i Norane, å det viser seg faktisk å vere interesse blant folket :) Jeg tenker meg i første omgang at vi får i gang et opplegg der vi feks møtes 1 gang i veka for trening. Det vil slik jeg ser det vere et sosialt tiltak der alle er velkomne, uansett fotball ferdigheter, så får vi heller med tiden se om det vil vere interesse for å melde på et lag ien evt serie, eller om vi deltar på cuper. Men husk dette er først og fremst for ARTIGHET:))

Oppfordrer alle til å spre dette til kjente og kjære:)

Gi en tilbakemelding, så kan vi komme til enighet om dag og tid :)

Detta blir gøy !!!

Mvh Ingunn Løkø

Ta kontakt på facebook el tlf 90180726

 

 
Fotballtrening PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Svein Jarle Slinde   
mandag 12. april 2010 18:31

Fotballtreningar tek til att 12. april kl 19.00. Satsar på å ha ha trening kvar måndag framover dersom me blir nok folk.

Ta med ball dersom du har.

Sei og ifrå til flest mogleg om at me tek til med trening att.

Følg med på: http://www.facebook.com/?ref=home#!/group.php?gid=2389281980 

Sist oppdatert mandag 21. juni 2010 20:59
 
« StartForrige123NesteSiste »

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Nyhende

Vil du gi di støtte til NORANE IDRETTSLAG?

Grasrotandelen er ei ordning fra Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velgje eit lag eller ei foreining som du ønskjer å støtte - din Grasrotmottaker. Vi oppmodar deg om å støtte oss i NORANE IDRETTSLAG!

Les mer…

Nyhende

NRK - Siste: Sogn og Fjordane
Siste: Sogn og Fjordane

bottom
top

Turveret


bottom

Designed by: Joomla Templates, website hosting. Valid XHTML and CSS.