|
Skrevet av Siv Anita Hundershagen
|
|
søndag 29. januar 2012 10:23 |
|

Endringar i datoar. Renna er på følgjane dagar:
Søndag 22. januar kl. 12.00
Søndag 29. januar kl. 12.00
Torsdag 2. februar kl. 18.00
Søndag 12. februar kl. 12.00
Torsdag 16. februar kl. 18.00
Dato for merkerennet vil me komme tilbake til.
Torsdagane vil det bli vanleg langrenn, medan me lagar til langrennscross på søndagane.
Prisen er kr 25,- per gang og alle som er med på 4 av dei i alt 6 renna vil få premie.
Det blir sal av pølser i brød/lompe og sjokolade. Gratis varm el kald saft til alle.
Stad: Lysløypa i Øvstedalen
|
|
Sist oppdatert søndag 29. januar 2012 13:07 |
|
|
Skrevet av Oddny Else Ylvisåker
|
|
tirsdag 10. januar 2012 21:15 |
|
Årsmøte i Norane Idrettslag 2012
Styret i Norane idrettslag inviterer til årsmøte måndag 13. februar kl 20:00 i klubbhuset på Ylvisåker.
Har du ønskjer eller idear til kva idrettslaget kan gjere? Som medlem kan du mellom anna fremje forslag til aktivitetar idrettslaget kan ha. Årsmøte er idrettslaget sitt høgste organ der alle medlemane har stemmerett. Forslag til saker må vere sendt til styret seinast fjorten dagar før møtet. Oversikt over styremedlemar finn du under menyen "kontakt oss"
Årsmelding for 2011 med saksliste for årsmøte vert sendt ut seinast ei veke før årsmøte.
Velkomen
Styret |
|
Sist oppdatert tirsdag 10. januar 2012 22:00 |
|
Skrevet av Geir Lyngaas
|
|
søndag 18. desember 2011 22:11 |
|
Mange møtte opp med lommelykt for å vere med på juleavslutninga til idrettskulen.
Det var stor spenning blandt ungane då dei gjekk turvegen for å sjå om nissen også kom. Vel framme ved bålplassen, var mellom 30 og 40 samla. Etter ei kosestund rundt bålet, gjekk vi for å sjå etter nissen. Han var ikkje så lett å finne, men plutseleg såg ungane at nissen kome gåande. Han vart nok litt overraska sjølv då han såg kor mange ungar som var møtt fram, men hadde heldigvis nok gåver i sekken sin. Etter gåveutdelinga vart det varm saft og pepperkaker til alle. |
|
Sist oppdatert søndag 18. desember 2011 22:43 |
|
|
Skrevet av NIL
|
|
lørdag 07. januar 2012 14:21 |
|

Isbana er rydda for snø 28. januar.
Vi vil i no forsterke naturisen med vatn.
Ferske meldingar og eller stabilt ver, skal gi deg som brukar tips om forholda på isen.
|
|
Sist oppdatert søndag 29. januar 2012 10:22 |
|
Skrevet av Geir Lyngaas
|
|
onsdag 30. november 2011 20:51 |
|
Norane idrettslag har saman med Norum skyttarlag og Norane båtlag tilbydd løsying for auka tal barnehageplassar i Norane.
Utan bruk av skulelokala, kan vi frigi 7,5 nye småbarnsplassar i eksisterande barnehage. Storavdelinga vert tilbydd plass i idrettslaget sine lokaler. Det opnar for plass for to storavdelingar i ein idretts- og friluftsbarnehage/-avdeling. - Totalt 22,5 nye plassar.
Det er fremja to ulike løysingar/steg for å oppnå dette, der første steg er utan større investeringar. Sjå vedlegg.
|
|
Sist oppdatert onsdag 30. november 2011 21:51 |
|
|
|
|
|
|
JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL |