top
logo


Medlem i idrettslaget
Medlem PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
onsdag 04. februar 2009 21:34

Som medlem får du tilgang til alle våre aktivitetar. Du får også rabattfordel ved kjøp hjå Intersport Sogndal ved framsyning av medlemskort. Rabatten er for tida 15%, noko som kan gjere det lønsamt å vere medlem utan å delta i aktivitetar. 

Ulykkesforsikring: Medlemskap dekkjer også ulykkesforsikring for alle medlemar under aktivitet i idrettslaget. For at forsikringa skal gjelde må alle registrerast med namn og fødselsdato. Det er viktig at også dei minste barna vert registrert slik at medlemskap og forsikring også gjeld for dei. For at forsikringa skal gjelde utan opphald må medlemsavgifta vere betalt innan 15. mars.

Medlemskontigent: Vi håpar alle husstandar kan vere med å støtte idrettslaget.

  • Familiemedlemskap kr. 250,- 
  • Vaksne/17 år og eldre kr. 100,- 
  • Barn/under 17 år kr. 50,-

I samband med årsmøte i februar, vert årsmelding saman med ny medlemsgiro/-kort, delt ut til alle husstandar i Norane. Dersom nokon ønskjer ekstra medlemskort, ta kontakt med Ann Kitty.

Bli medlem: Ønskjer du å bli medlem, ta kontakt med kasserar Ann Kitty Wathne, e-post:  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen , telefon: 57 65 36 03, mob: 958 26 569, eller andre i styre (jfr venstre meny > kontakt oss).

Støtte oss gjerne gjennom Grasrotandelen til Norsk tipping.

Ungdomen har også oppretta eiga facebook gruppe "Norane IL" for alle dei som ønskjer å følgje med og der.

Sist oppdatert mandag 18. januar 2010 21:25
 

Nyhende

Årsmeldingar

Her ligg årsmeldingane for Norane Idrettslag. Vi vil leggje ut fortlaupande frå og med 2006. Dersom dokumentet ikkje vert opna ved å klikke på, kan du eventuelt høgre klikke på linken og laste ned fila for å opne den lokalt.

Les mer…

Nyhende

NRK - Siste: Sogn og Fjordane
Siste: Sogn og Fjordane

bottom

Designed by: Joomla Templates, website hosting. Valid XHTML and CSS.