top
logo


Home Om idrettslaget Vil du gi di støtte til NORANE IDRETTSLAG?
Vil du gi di støtte til NORANE IDRETTSLAG? PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
torsdag 05. mars 2009 19:14

Grasrotandelen er ei ordning fra Norsk Tipping, der du som registrert spelar kan velgje eit lag eller ei foreining som du ønskjer å støtte - din Grasrotmottaker. Vi oppmodar deg om å støtte oss i NORANE IDRETTSLAG!

Tenk deg at du kan spele favorittspela dine - Lotto, Tipping og Joker til dømes - og samstundes gje noko meir til det laget eller den foreininga du sjølv ønskjer å støtte. Dette er no mogleg via Grasrotandelen. Ved spel hjå Norsk Tipping vil 5 % av innsatsen gå direkte til ditt lag eller di foreining (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk at Grasrotandelen ikkje på noko måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje belasta noko for å vere grasrotgjevar. Du treng "Norsk Tipping Spillerkort" for å knyte deg til Grasrotandelen. Spelerkort får du kjøpt hjå kommisjonær, eller du kan tinge det på www.norsk-tipping.no.

Vi oppmodar deg om å knyte deg til ordninga allereie i dag, og du gjer det på ein av følgjande måtar:

1. Hjå Kommisjonær: Ta med deg strekkoden og spelerkort ditt til ein av Norsk Tipping sin mange kommisjonærar.
2. SMS: GRASROTANDELEN 988436674 til 2020 (tenesta er gratis).
3. Internett: grasrotandelen.no eller norsk-tipping.no.
4. Norsk Tipping Mobilspill.

Organisasjonsnummer: 988436674

Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her kan du også følgje med på kor mykje Grasrotandelene genererer for dei einskilde Grasrotmottakerne.

Takk for at du støttar oss via Grasrotandelen!

 

Attachments:
FileBeskrivelseFile size
Download this file (Strekkode grasrotandelen.pdf)Strekkode grasrotandelenStrekkode for å ta med til tippekommisjonæren70 Kb
Sist oppdatert søndag 09. august 2009 19:52
 

Nyhende

Gang og sykkelveg i Norane

Norane idrettslag har saman med Samarbeidsutalet, Ungdomslaget og Skule og Ungdomskorps sendt felles innspel med ønskje om gang og sykkelveg i Norane. Samarbeidsutvalet saman med skulen har no fått merksemd om saka i avisa, under finn du lenkje til artikkelen. Nederst finn du også

Til artikkelen i Sogn Avis måndag 7. desember

 

Nyhende

NRK - Siste: Sogn og Fjordane
Siste: Sogn og Fjordane

bottom

Designed by: Joomla Templates, website hosting. Valid XHTML and CSS.