|
Skrevet av Geir Lyngaas
|
|
torsdag 10. juni 2010 18:22 |
|
Norane idrettslag ynskjer velkomen til nye og gamle turmål. Vi har bøker på 11 postar. Bruk gjerne turkartet for Sogndal – Leikanger for å finne fram. Det ligg det merketenger på postane. Desse kan du bruke til å merke dette arket/kartet ditt med. Ynskjer du premiering, må dette merka arket leverast til ein av medlemene i trimgruppa innan 1. november 2010. Hugs å skrive namnet ditt på kartet (og sjølvsagt i boka på trimposten). Er de fleire som går saman, kan de skrive alle namna på arket. Postane vert sett ut til 1. juni. Dei vert henta innatt den 15. oktober. Dei som fullfører 10 postar får premie. Av desse er det ein hovudpremie. Born under 12 år kan ta del i ”minitrimmen” ved å fullføre 5 postar. Hugs å skrive alder i boka og på ev merka ark/kart.
God tur frå trimgruppa
Attachments:
| File | Beskrivelse | File size |
Stolstrimmen_2010_stor_fil | Stølstrimkart for 2010 med tekst på bakside. Lagret med høg oppløsning for god kvalitet | 4410 Kb |
Stolstrimmen_2010_liten_fil | Stølstrimkart for 2010 med tekst på bakside. Lagret med liten oppløsning for raskere opplasting | 278 Kb |
|
|
Sist oppdatert torsdag 10. juni 2010 18:51 |