top
logo


Home Nye turvegen
Dugnad turveg

Her vil vi leggje ut informasjon om arbeidet på den nye turvegen frå Nornes til Slinde, det som har skjedd og det som er planlagt vidare framover. Bilete finn du her:



God tur på Markavegen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
fredag 20. november 2009 19:05

Til fots og på sykkel
Den nye turvegen mellom Indre Slinde og Nordnes er no opparbeidd slik at han kan nyttast til fots og på sykkel. Brua er sikra og ny brukarvenleg hjorteport er bygd på Slindesida. Vi vil minne om at portane må haldast steng for å unngå hjorteskade i frukthagane. Turvegen er også framkomeleg med barnevogn, men det er ein føremon med store hjul, pga noko ujamt dekke.

Les mer …
 
Sluttarbeid på turvegen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
mandag 05. oktober 2009 19:49

Nyvegen Nornes/Lomelde – Eskestrand – Slinde behøver din hjelp.

Turvegen er no grovopparbeidd med planering, grøft og kullvertrøyr. Etter at vegen har ”sett seg” er det
planlagt å avslutte maskinarbeidet til neste sommar med utbetring av skråningane og innsnevring av vegen
til turvegbreidde. Bru over Krokelvi er også på plass, men ikkje festa. Mykje arbeid er gjort men noko
står framleis igjen.

For å klare dette treng vi di hjelp. For å leggje til rette for sjølvstendig aktivitet for dugnadgrupper
– eller for dei som berre ønskjer å ta eit tak når det passer – sett vi opp nokre aktivitetar vi gjerne
skulle ha gjort. Aktivitetar som er aktuelle no kan vere:

 

Sist oppdatert mandag 05. oktober 2009 20:33
Les mer …
 
Dugnadsdagar PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
søndag 30. august 2009 00:00

Jan Morten Halset, Leif Arne Åsen og Kåre Brenden på dugnadDUGNADSDAGAR PÅ TURVEGEN

Måndag 17. august kl 17:00, hogst/rydding langs Lomeldsvegen for å gi plass til brutransport

Tysdag 18. august kl 17:00, hogst/rydding langs Lomeldsvegen for å gi plass til brutransport

Onsdag 19. august kl 17:00, hogst/rydding langs Lomeldsvegen for å gi plass til brutransport

Laurdag 22. august kl 11:00, hogst/rydding langs nytraseen hjå Lars Eskestrand - oppkapping av gratis fyringsved for dei som ønskjer, evt. sveising/førebuing av bru for transport

Tysdag 25. august kl 17:00, grastrimming på Slindesida, hogst/rydding ved elv og langs nytraseen. Oppmøte - vegen inn til Jamnane 

Onsdag 26. august kl 17:00, grastrimming på Slindesida, hogst/rydding ved elv og langs nytraseen. Oppmøte - vegen inn til Jamnane 

Grovarbeidet med vegen er så godt som ferdig fram til elva, og plassering av brua står snart for tur. Så snart den er på plass vil det vere trong for større dugnadsinnsats for finplanering, rydding, uttak av ved/tømmer, oppmaling av kvist mm. Vi vil også byggje ny port på slindesida, og håper også å kunne lage nokre fine raste/kvilebenkar. All innsats vert då motteke med takk, vi vil trengje traktorar, straumaggregat, vinsj mm.  Vi vil ta kontakt med dei som har meldt seg på dugnadslista. Dersom du ikkje har meldt deg på, ta gjerne kontakt, eller følg med her og møt opp dersom det passer.

Vi har plass til alle

Ta gjerne kontakt med Geir Lyngaas mob 918 33 209, eller andre i styret.

Velkomen til dugnad

mvh Norane Idrettslag

Sist oppdatert søndag 30. august 2009 20:42
 
Dugnad på turvegen PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
onsdag 12. august 2009 16:38

Dugnad laurdag 15. august kl 10:00. 

Da er vi klare til å ta innspurten på turvegen. I første omgang må vi rydde dei siste 100 meterane frå Nornessida, slik at vi får opparbeidd den siste delen av vegtraseen på denne sida. Leikanger maskin startar arbeidet med vegen måndag 17. august.

På laurdagen startar vi dugnaden kl 10, og reknar med å avslutte i 3-4 tida. Møt opp når du kan med med motorsag, gresstrimmar, ryddesag, greinsaks, hanskar e.a.

Dersom vi vert mange kan nokre også rydde meire langs eksisterande veg. Det vert då betre å kome fram med brua, og lastebil med naudsynt utstyr.

Meir informasjon om dugnadar saman med behov for utstyr vert lagt ut her på heimesida snart. Flott om det er nokon som då kan stille med eige utstyr slik at vi sparar leigekostnadar. 

Velkomen på laurdag

mvh Geir Lyngaas, mob 91 83 32 09

 

 

Sist oppdatert onsdag 12. august 2009 17:33
 
Turvegen Slinde - Nornes PDF Skriv ut E-post
Skrevet av Geir Lyngaas   
søndag 21. desember 2008 18:23
Da er arbeidet med turvegen avslutta for vinteren. Vi har kome ganske langt frå Nornessida og har berre ca 100 meter igjen til Krokelva. Vegen er planert, med ei einkel grøft og drenering over vegen, og kan godt nyttast som turveg når det er tørt eller tele. Sjølv om det ikkje vert meir vegbygging i vinter, kan det verte aktuelt med noko opprydding, der vi bergar det som er aktuelt til ved og vil då samstundes prøve å male opp greiner med ein traktormontert greinknuser. Vi vil då vere avhengig av at det vert god tele i vegen utan at det samstundes vert for mykje snø.  
Sist oppdatert søndag 21. desember 2008 18:39
 
« StartForrige12NesteSiste »

JPAGE_CURRENT_OF_TOTAL

Nyhende

Gang og sykkelveg i Norane

Norane idrettslag har saman med Samarbeidsutalet, Ungdomslaget og Skule og Ungdomskorps sendt felles innspel med ønskje om gang og sykkelveg i Norane. Samarbeidsutvalet saman med skulen har no fått merksemd om saka i avisa, under finn du lenkje til artikkelen. Nederst finn du også

Til artikkelen i Sogn Avis måndag 7. desember

 

Nyhende

NRK - Siste: Sogn og Fjordane
Siste: Sogn og Fjordane

bottom

Designed by: Joomla Templates, website hosting. Valid XHTML and CSS.