|
Skrevet av Fotballgruppa
|
|
torsdag 07. mai 2009 16:31 |
Datoar for turneringane er som følgjer: - 1. juni (søkt flytta frå 10 mai), Sogndal - Hovudfokus: Fukt og grønt
- 14. juni, Vik - Hovudfokus: Fair Play
- 23. august, Syril - Hovudfokus: Minimerkedagen
- 13. september, Sogndal - Hovudfokus: Trafikksikker klubb
Det er ønskje om at Meir Idrett, trafikktryggleik og Fair Play er tema på alle turneringane, men det er eit særskild fokus for kvar turnering. I tillegg er det ønskje om at alle areaner skal vere røykefrie.
I minifotballen spelast det 5ar fotball. Det er ønskjeleg at arrangørane organiserar turneringane med seks baner. Ein kan gjerne spele med ulik storleik på banene, slik at dei minste spelar på mindre bane enn dei største, t.d. variere frå 20 x 40 og ned til 15x30. Fleire baner gjev meir speletid for laga, og mindre baner for dei minste gjev meir ballkontakt. Elles er det eit mål at arrangørane kan lage kampoppsett som gjev like mange kampar på kvart lag og at laga får møte nye lag frå andre klubbar, som deltek i turneringa. Meir om Kongleriket miniputturnering finn du her, mellom anna informasjon om dei ulike hovudfokusa. |
|
Sist oppdatert torsdag 07. mai 2009 18:43 |