Norane idrettslag ynskjer velkomen til nye og gamle turmål. Vi har bøker på 11 postar. Bruk gjerne turkartet for Sogndal – Leikanger for å finne fram. Det ligg det merketenger på postane. Desse kan du bruke til å merke dette arket/kartet ditt med. Ynskjer du premiering, må dette merka arket leverast til ein av medlemene i trimgruppa innan 1. november 2010. Hugs å skrive namnet ditt på kartet (og sjølvsagt i boka på trimposten). Er de fleire som går saman, kan de skrive alle namna på arket. Postane vert sett ut til 1. juni. Dei vert henta innatt den 15. oktober. Dei som fullfører 10 postar får premie. Av desse er det ein hovudpremie. Born under 12 år kan ta del i ”minitrimmen” ved å fullføre 5 postar. Hugs å skrive alder i boka og på ev merka ark/kart.
Trimgruppa minner trimmarane på stølstrimmen i Norane 2009 om: Postane vert tekne inn att 15.oktober. Arka med klippemerka må vera levert inn til trimgruppa innan 20. oktober. Du kan levere til Gunn Fondenes, Gunn Kjersti Bårgård, Kjell Tore Øyre eller Gunnstein Harald Bergkvam.
Premieutdeling i Nortun sundag 25. oktober om lag kl 20:00 (på marknaden til ungdomslaget).
NB! Detter er 10. gongen stølstrimmen vert arrangert, dei som har fullført alle 10 åra vert premierte.
Norane idrettslag ynskjer velkomen til nye og gamle turmål. Vi har bøker på 11 postar. Bruk gjerne turkartet for Sogndal – Leikanger for å finne fram. Dette er det 10. året stølstrimmen vert arrangert. Det vert ekstrapremiering for å ha fullført stølstrimmen i alle 10 åra. Har du gjort dette, merk det på arket ditt. Slik som i fjor ligg det merketenger på postane. Desse kan du bruke til å merke dette arket/kartet ditt med. Ynskjer du premiering, må dette merka arket leverast til ein av medlemene i trimgruppa. Hugs å skrive namnet ditt på kartet (og sjølvsagt i boka på trimposten). Er de fleire som går saman, kan de skrive alle namna på arket. Postane vert sett ut til 1. juni. Dei vert henta innatt den 15. oktober. Dei som fullfører 10 postar får premie. Av desse er det ein hovudpremie. Born under 12 år kan ta del i ”minitrimmen” ved å fullføre 5 postar. Hugs å skrive alder i boka og på ev merka ark/kart.
Norane idrettslag har saman med Samarbeidsutalet, Ungdomslaget og Skule og Ungdomskorps sendt felles innspel med ønskje om gang og sykkelveg i Norane. Samarbeidsutvalet saman med skulen har no fått merksemd om saka i avisa, under finn du lenkje til artikkelen. Nederst finn du også